28. september 2011

Tur til Storavatnet

Vardeheii
Denne gangen skulle friluftsliv klassen min på tur tur Storavatnet på Kaupanger. Vi skulle gå opp med idrettsklassen og sove i gapahuk. Torgeir satt i timen å snakka om at det var 800 høgde meter opp dit og at vi virkelig kom til å få kjørt oss, så det kom ikkje akkurat som eit sjokk at bare 8 av 15 i klassen møtte opp ved friluftsliv lageret før turen. Gruppene Torgeir hadde laga på forhand av turen måtte forandrast på, og i steden for 4 på kvar gruppe vart det berre 2 på kvar gruppe. Idrettsgruppene og allmennsgruppene skulle blandest, sånn at allmenn kunne lære idrett å sette opp gapahuk og idrett kunne lære allmenn å lage bål. Eg kom på gruppe med Brita fra allmenn og Vilde, Karl Jomar, Anne Sigrid og Stig Øystein fra idrett. Etter å ha fått informasjon og utdelt fellesutstyr gikk klassane ned på skysstasjonen der vi skulle ta bussen til Kaupangersenteret. Fra Kaupangersenteret gikk vi litt over skulen for å sjå på kart og kompass og for å få utdelt gruppene våre. Så begynnte vi å gå med ei gruppe i spissen. Etter ei lita stund var det plutsleg tid for mat så vi stoppa ved Hauståker og åt litt. Den neste biten av turen var litt tyngre enn første delen, men det var ikkje noko å klage på. Etter eit par tunge bakkar spurte eg Torgeir om det var fleire tunge bakkar, å da sa han at det verste var bak oss no. Like etter på bestemte vi oss for å gå opp ein heilt forferdelig bakke, når vi nesten var kommt på toppen synst lærerane at det var på tide å sei i fra at vi hadde gått feil, så vi måtte snu og gå ned igjen. Så kom vi til Vardeheii på 895 moh. og da gjekk resten av turen fantastisk fint. 
Gapahuken vår <3


Varming av kalde rumper
Når vi kom fram var det bare å begynne å leite etter ein fin plass å lage gapahuk. Etter mykje om og men fant me ein fin plass og fekk opp gapahuken. Så var det berre å begynne å finne ved til bål, det var ikkje så veldig lett, spesielt siden det var vått og vi fikk bare bruke det som var daudt og det som låg på bakken. Det var ein del problem med bålet vårt, men til slutt fekk vi fyr og begynte å grille pølser. Idrettsklassen hadde med seg laks i folie, noko som frista veldig i begynnelsen, men når dei ikkje fekk steikt det skikkelig var eg sjeleglad for at hadde pølsene og pinnebrød deigen min. Seinare på kvelden vart det kaldt og da var det godt å ha eit stort og godt fellesbål. Vi satt og koste oss med gåter og leikar og ikkje minst morsome historiar. Torgeir måtte også fortelle ein skrekkhistorie om ei hytte som låg like ved oss, før han foreslo mørkegjømsel og å gå å traske rundt aleine i mørket.      
Kos med bål og historiar
Dagen etter skulle idrettklassen og allmennklassen gå kvar sin veg. Vi skulle ned igjen nesten samme veg som vi kom opp, mens idrett skulle gå vidare og sove ei natt til. Vi gjekk heilt til me kom til Hungerhaug. Der stoppa vi for ein pause og litt mat, sidan det hadde gått ganske fort nedover. Vi hadde også førstehjelpskurs før vi fortsatte nedover. Så gjekk vi rett ned heilt til vi kom til Mannhellervegen kor vi skulle vente på buss som skulle ta oss med heim. Men slik vart det altså ikkje, så vi gjekk siste biten ned i Amla og vart henta av buss der i staden for.     

Førstehjelp
Det var ein kjempe fin tur, mykje bedre enn Fjærlandssete, men det trur eg var pga. været. Med ganske fint vær heile vegen opp og ikkje regn før etter at vi låg trygt under gapahuken. Gapahuken funka og fint for meg, det var ikkje verre enn å ligge i telt og eineste minuset var at eg vart veldig kald på føttna i løpet av natta. Heile turen holdt eg meg tørr og varm og maten får topp karakter. Og eg veit at sjølv om idrettsklassen nekta for det, så misunna dei pølsene våre og skulle ønske dei og valgte noko så godt og lettvint. 

Det som ikkje var så bra med denne turen var at eg vart så kald på føttna at eg tok hanskane mine på dei og dei enormt bratte bakkane på vegen ned igjen. 
 
Måla for denne turen var:
       Planlegge, gjennomføre og vurdere turer knyttet til lokal friluftslivstradisjon
       Planlegge gjennomføre og vurdere tur med overnatting ved vatnmiljø.
       Kle seg hensiktsmessig og lære utstyret å kjenne slik at dette ikkje vert nokon begrensing for turen.
       Praktisere bestemmingar for friluftsliv og allmenn ferdsel i utmark og ta hensyn til naturen me ferdast i.
       Lage mat på Bål
       Overnatte i gapahuk
       Lære førstehjelp i fjellet 

Heile turen var super fin. Eg hadde med nok klede, nok mat og eit fantastisk godt humør. Turen var godt planlagt sjølv om det vart litt endringar på byrjinga av turen. Bygging av gapahuk og bål gjekk og bra sjølv om eg fraus på føtna, og det tok ei stund før vi fekk grilla på bålet vårt. Maten vi laga gjekk og supert, men det var pølser, så til og med Torgeir hadde greid å grilla dei uten å svi dei.

Fint
Gruppa vår fungerte bra. Vi greide å tilpasse oss kvarandre ganske fort og vi samarbeide godt med å få opp gapahuk og bålet. Vi tok og hensyn til kvarandre når vi la oss og det var god plass i gapahuken. 

Det eg ville gjort annerledes denne gangen var nok ein gang å få tak i ordentlige fjellsko! Ellers så ville eg hatt med gode tjukke ullsokkar mens resten var ganske bra. 

Eg lærte mykje om bål, gapahuk og førtehjelp denne turen. Eg lærte at det er mange forskjellige måtar og lage bål på og korti kvart bål passar inn. Eg lærte korleis vi satt opp gapahuk og smarte tips til korleis man kan knyte taua fast i presseningen. Eg lærte og kva du skal gjør om du vrikkar, forstuar eller brekk ein fot. Og korleis du skal stoppe blødningar. Det har med andre ord vert ein lærerik tur. 
Heile gjengen
Idrettsklassen va ein kjempe din gjeng og dei var veldig greie å ver på tur med. Som eg sa når vi kom ned igjen:" Eg kan godt gå denne turen ein gang til, men da må noken bære meg ned alle bakkane". 

Gledar meg til neste tur!

Tur til Fjærlandssete

Den lille fisken til Torgeir
7-8 September var eg på tur til Fjærlandssete med friluftsliv klassen min. Ein spent klasse møtte opp ved friluftsliv lageret klokka 9.00 7.september for å få utdelt felles utstyr. Sekkane var fylt til randen med mat og klede, men likevel fikk vi plass til telt, stormkjøkken, rødsprit, kart og kompass. Så gikk turen vidare til Mannsverk i Øvstedalen med bil. Her fikk vi kurs i kart og kompass før gruppe 1, eller gruppa mi begynte å lede turen. Etter å ha gått ei stund og møtt nokon vegkryss bytta vi gruppe. No var det gruppe 2 som skulle lede oss resten av vegen opp til Furusete kor vi skulle ete lunsj. På vegen opp ville vi heller gå opp til Gautastølen, og i steden for å rette på oss å sei det var feil spurte bare Torgeir om vi va sikkre på at vi ville gå den vegen. Etter masse om og men ombestemte vi oss, og kom oss endelig opp til Furusete og tok ein velfortjent lunsj. Etter ein god lunsj og ei gåte skulle vi sjå litt meir på kartet før vi gjekk vidare. Etter ca 1 time kom vi endelig opp til Fjærlandssete 3 minutt over tidsskjema. Vi fant ein fin plass å sette opp telta og sida alle var kalde og våte, bytta vi kle og la oss i telta og slappa av ei stund. Når regnet endelig ga seg møtte alle opp ute og fikk opplæring i stormkjøkken før vi fekk prøve fiskelykken. Eg å Vilde delte fiskestang, noke som var veldig kjekt sjølv om det ikkje vart noken fisk på oss. Det vart heller ikkje noke fisk på noken av dei andre, men det var nokon napp. Etter ei stund med fisking begynte dei fleste å kjenne at dei var svoltne, gruppene fyrte opp stormkjøkkenet og begynte å lage maten. Gruppa mi som bestod av Vilde, Regine, Dag og meg hadde hamburgarar til mat. Alle skulle ha med hamburgar og brød sjøl også skulle eg ha med tomat, noko eg faktisk huska. Etter maten gjekk vi inn igjen i telta og spelte kort og fekk nokre intressante gåter av Torgeir. Det vart fortalt mange både gode og dårlige vitsar i telta og det var heilt klart at det var på Fjærlandssete det skjedde. Også la vi oss. Dagen etter stod teltgruppa mi opp i 9 tiden til sol og varme. Telta vart tatt ned fortast mulig også vart det spist frukost før alle sekkane var pakka. Så gjekk me vidare mot Fagereivatnet kor vi skulle prøve fiskelykken igjen og ete lunsj. Her hadde Torgeir fiskelykken med seg og fekk ein LITEN fisk. Han slødde fisken slik at alle kunne sjå også pakka me saman og gjekk resten av vegen ned til Kollsetestølen. Etter litt om og men og ein tur igjennom tett skog og kratt kom me til ein veg som me følgde heile vegen ned til hovudvegen. Der tok me 2 bussen tilbake til Sogndal. 
Frosk på veg ned igjen


Det var ein veldig kjekk tur sjølv om det var kaldt og det regna. Alle var blide og greie og ingen klaga, og det trur eg har mykje å sei for at det vart ein så fin tur. Eg har telta mange gangar på Fjærlandssete før, heilt sida eg var ei lita jente. Turen var kjend for meg, og var derfor ikkje så tung. Maten var veldig god, spesielt etter ein lang og tung dag. Eg hadde med meir enn nok klede og eg fraus ikkje, men eg må skaffe meg ordentlige fjellsko å ikkje gå i støvlar.   



Middag
Tur Mål: 
  1. Planlegge gjennomføre og vurdere tur med overnatting ved vatnmiljø.
  2. Kle seg hensiktsmessig og lære utstyret å kjenne slik at dette ikkje vert nokon begrensing for turen.
  3. Praktisere bestemmingar for friluftsliv og allmenn ferdsel i utmark og ta hensyn til naturen me ferdast i.
  4. Få meir erfaring med korleis ein planlegg ein tur
  5. Ha da kjekt!
Eg synst vi nådde måla våre, vertfall å ha det kjekt som var det viktigaste. Vi hadde planlagt godt og tok omsyn til naturen rundt oss. Eg var flink til å kle meg godt og det gikk fint med utsyret, sidan eg kjende det nokso godt frå før av.

Gruppa funka kjempe bra. Alle hjalp til med å bære fellesutstyret og å sette opp telt og fyre opp stormkjøkkenet. Alle hadde hugsa maten. Vi tok hensyn til kvarandre, sjølv om Dag måtte vente ei stund utanfor teltet ei stund så jentene fekk bytta. 

Eg trur ikkje eg ville gjort noko annerledes. Eg hadde nok mat, nok kle og nok drikke. Einaste må vel ver å kjøpe ordentlige fjellsko, så eg slepp å bruke støvlar.  
Teltplassen
 Det eg lærte på turen var å bruke kart og kompass og korleis paracett blad ser ut og smakar. Telt, stormkjøkken og pakkingen til tur var eg kjend med frå før av.
Heile gjengen
Det var ein heilt fantastisk tur med ein fin gjeng! Gledar meg til fleire fine turar med denne gjengen. 
Det e da det skjer! 

14. september 2011

Oppskrift på tur rapport

Tur rapport
- Oppsummere turen
- Kva gjekk bra
- Kva gjekk mindre bra (utstyr, bekledning, lengde på tur)
- Nådde de måla for turen
-Korleis fungerte gruppa
-Deltok du i felles oppgåver/arbeid?
-Ville du gjort noko anleis?
-Lærte du noko nytt? (erfaringar)

Dette er ein blogg om turane friluftsliv gruppa på Sogndal vidaregåande skule reiser på. Isteden for å skrive ein logg om kvar enkelt tur og levere inn, skal vi blogge om turane våre her.