 |
Vardeheii |
Denne gangen skulle friluftsliv klassen min på tur tur Storavatnet på Kaupanger. Vi skulle gå opp med idrettsklassen og sove i gapahuk. Torgeir satt i timen å snakka om at det var 800 høgde meter opp dit og at vi virkelig kom til å få kjørt oss, så det kom ikkje akkurat som eit sjokk at bare 8 av 15 i klassen møtte opp ved friluftsliv lageret før turen. Gruppene Torgeir hadde laga på forhand av turen måtte forandrast på, og i steden for 4 på kvar gruppe vart det berre 2 på kvar gruppe. Idrettsgruppene og allmennsgruppene skulle blandest, sånn at allmenn kunne lære idrett å sette opp gapahuk og idrett kunne lære allmenn å lage bål. Eg kom på gruppe med Brita fra allmenn og Vilde, Karl Jomar, Anne Sigrid og Stig Øystein fra idrett. Etter å ha fått informasjon og utdelt fellesutstyr gikk klassane ned på skysstasjonen der vi skulle ta bussen til Kaupangersenteret. Fra Kaupangersenteret gikk vi litt over skulen for å sjå på kart og kompass og for å få utdelt gruppene våre. Så begynnte vi å gå med ei gruppe i spissen. Etter ei lita stund var det plutsleg tid for mat så vi stoppa ved Hauståker og åt litt. Den neste biten av turen var litt tyngre enn første delen, men det var ikkje noko å klage på. Etter eit par tunge bakkar spurte eg Torgeir om det var fleire tunge bakkar, å da sa han at det verste var bak oss no. Like etter på bestemte vi oss for å gå opp ein heilt forferdelig bakke, når vi nesten var kommt på toppen synst lærerane at det var på tide å sei i fra at vi hadde gått feil, så vi måtte snu og gå ned igjen. Så kom vi til Vardeheii på 895 moh. og da gjekk resten av turen fantastisk fint.
 |
Gapahuken vår <3 |
 |
Varming av kalde rumper |
Når vi kom fram var det bare å begynne å leite etter ein fin plass å lage gapahuk. Etter mykje om og men fant me ein fin plass og fekk opp gapahuken. Så var det berre å begynne å finne ved til bål, det var ikkje så veldig lett, spesielt siden det var vått og vi fikk bare bruke det som var daudt og det som låg på bakken. Det var ein del problem med bålet vårt, men til slutt fekk vi fyr og begynte å grille pølser. Idrettsklassen hadde med seg laks i folie, noko som frista veldig i begynnelsen, men når dei ikkje fekk steikt det skikkelig var eg sjeleglad for at hadde pølsene og pinnebrød deigen min. Seinare på kvelden vart det kaldt og da var det godt å ha eit stort og godt fellesbål. Vi satt og koste oss med gåter og leikar og ikkje minst morsome historiar. Torgeir måtte også fortelle ein skrekkhistorie om ei hytte som låg like ved oss, før han foreslo mørkegjømsel og å gå å traske rundt aleine i mørket.
 |
Kos med bål og historiar |
Dagen etter skulle idrettklassen og allmennklassen gå kvar sin veg. Vi skulle ned igjen nesten samme veg som vi kom opp, mens idrett skulle gå vidare og sove ei natt til. Vi gjekk heilt til me kom til Hungerhaug. Der stoppa vi for ein pause og litt mat, sidan det hadde gått ganske fort nedover. Vi hadde også førstehjelpskurs før vi fortsatte nedover. Så gjekk vi rett ned heilt til vi kom til Mannhellervegen kor vi skulle vente på buss som skulle ta oss med heim. Men slik vart det altså ikkje, så vi gjekk siste biten ned i Amla og vart henta av buss der i staden for.
 |
Førstehjelp |
Det var ein kjempe fin tur, mykje bedre enn Fjærlandssete, men det trur eg var pga. været. Med ganske fint vær heile vegen opp og ikkje regn før etter at vi låg trygt under gapahuken. Gapahuken funka og fint for meg, det var ikkje verre enn å ligge i telt og eineste minuset var at eg vart veldig kald på føttna i løpet av natta. Heile turen holdt eg meg tørr og varm og maten får topp karakter. Og eg veit at sjølv om idrettsklassen nekta for det, så misunna dei pølsene våre og skulle ønske dei og valgte noko så godt og lettvint.
Det som ikkje var så bra med denne turen var at eg vart så kald på føttna at eg tok hanskane mine på dei og dei enormt bratte bakkane på vegen ned igjen.
Måla for denne turen var:
• Planlegge, gjennomføre og vurdere turer knyttet til lokal friluftslivstradisjon
• Planlegge gjennomføre og vurdere tur med overnatting ved vatnmiljø.
• Kle seg hensiktsmessig og lære utstyret å kjenne slik at dette ikkje vert nokon begrensing for turen.
• Praktisere bestemmingar for friluftsliv og allmenn ferdsel i utmark og ta hensyn til naturen me ferdast i.
• Lage mat på Bål
• Overnatte i gapahuk
• Lære førstehjelp i fjellet
Heile turen var super fin. Eg hadde med nok klede, nok mat og eit fantastisk godt humør. Turen var godt planlagt sjølv om det vart litt endringar på byrjinga av turen. Bygging av gapahuk og bål gjekk og bra sjølv om eg fraus på føtna, og det tok ei stund før vi fekk grilla på bålet vårt. Maten vi laga gjekk og supert, men det var pølser, så til og med Torgeir hadde greid å grilla dei uten å svi dei.
 |
Fint |
Gruppa vår fungerte bra. Vi greide å tilpasse oss kvarandre ganske fort og vi samarbeide godt med å få opp gapahuk og bålet. Vi tok og hensyn til kvarandre når vi la oss og det var god plass i gapahuken.
Det eg ville gjort annerledes denne gangen var nok ein gang å få tak i ordentlige fjellsko! Ellers så ville eg hatt med gode tjukke ullsokkar mens resten var ganske bra.
Eg lærte mykje om bål, gapahuk og førtehjelp denne turen. Eg lærte at det er mange forskjellige måtar og lage bål på og korti kvart bål passar inn. Eg lærte korleis vi satt opp gapahuk og smarte tips til korleis man kan knyte taua fast i presseningen. Eg lærte og kva du skal gjør om du vrikkar, forstuar eller brekk ein fot. Og korleis du skal stoppe blødningar. Det har med andre ord vert ein lærerik tur.
 |
Heile gjengen |
Idrettsklassen va ein kjempe din gjeng og dei var veldig greie å ver på tur med. Som eg sa når vi kom ned igjen:" Eg kan godt gå denne turen ein gang til, men da må noken bære meg ned alle bakkane".
Gledar meg til neste tur!
Ser ut som du hadde ein super tur!
SvarSlettOg ja, eg skulle nok og greid å mekka den maten uten å svidd han:)